Produksjon - www.soral.no
Kontakt oss

Postadresse:
Sør-Norge Aluminium AS
Onarheimsvegen 54
5460 HUSNES
----------------------------------------
Vareadresse:
Sør-Norge Aluminium AS
Onarheimsvegen 190
5460 HUSNES
----------------------------------------
Telefon: 53 47 50 00
Telefax: 53 47 53 91
----------------------------------------
Org.nr: NO 916 574 894 MVA
----------------------------------------
Innkjøpsbetingelsar
Forsendelsesinstruks
----------------------------------------
Årsrapport
Miljørapport
----------------------------------------
Sertifikat
----------------------------------------
Ledige stillingar

Aluminiumshistorie

Aluminium utgjer 8% av massen i jordskorpa. Det tok lang tid før ein vart i stand til framstilla sjølve grunnmetallet fordi aluminium førekjem i svært stabile oksygenbindingar. Den første som klarte det, var dansken H. C. Ørsted i 1824. Det kom i gang ein viss kommersiell produksjon, men i lang tid var aluminium meir ettertrakta og dyrare enn gull.

Gjennombrotet kom i 1886. Amerikanaren C.M. Hall og franskmannen P.L. Heroult fann kvar for seg ein metode for å framstilla aluminium ved smelteelektrolyse. Metoden er basert på bruk av aluminumoksid som vert framstilt av bauxitt. Det er framleis den same metoden, Hall/Heroult- metoden, som vert nytta i dag.

Nordmannen C. W Søderberg fann rundt 1918 fram til ein 'kontinuerleg anode' - Søderbergteknologi. SØRAL nyttar ikkje denne teknologien, men i staden ferdige anodeblokker- forbakte anodar dvs 'prebaketeknologi'

 

PRODUKTET VÅRT ER PRESSBOLT AV ALUMINIUM

Særs enkelt forklart kan ein seie at 4 kg bauksitt = 2 kg aluminiumoksid  = 1 kg aluminium.

 

SØRAL nyttar berre prebake-teknologi i aluminiumsprosessen. Vi framstiller aluminium i ein elektrolyseprosess.
Aluminiumsoksid vert oppløyst i eit “bad” av kryolitt. Ved straumgjennomgang med ein straumstyrke på godt og vel 160kA legg det seg eit lag av flytande aluminium på botn av elektrolysecella (omnen). Temperaturen ved denne prosessen bør liggja på 960 C. Det går med omlag 14000 kWt for å produsera 1 tonn aluminium.


Støyperiet er sisteleddet i produksjonskjeda. I dag har Støyperiet to støypegrupper, og alt metallet vert støypt som pressbolt. Metallet frå elektrolysen vert etter tilsetjing av legeringsmetall støypt ut i 7 meter lange boltar med diameter frå 178 - 317 mm.


Gjennom homogeniseringsprosessen vert boltane varma opp og kjølte ned att for at dei skal få den rette metallstrukturen. Deretter vert boltane saga og pakka og førte til kaien for utskiping.

  

Aluminium for framtidsgenerasjonane

Aluminium er, nest etter stål, det mest brukte metallet i verda. Det veg berre ein tredjedel av det stål gjer, har relativt høg styrke og er lett formbart. Det er sterkt mot korrosjon og har god leiingsevne for elektrisitet og varme. Samstundes kan det smeltast om og gjenvinnast.

 

”Omtrent 8% av jordskorpa består av aluminium / Tilgangen er praktisk tala uavgrensa og resirkuleringsgraden er i snitt 73% og aukande”

 
 
 
  Tilbake

 
Eldre Nyhende
12.01.2012
Lærling hos oss?
 

Sør-Norge Aluminium AS vurderer å ta inn lærlingar frå hausten 2012 i følgjande fag:

- Automatiseringsfaget

- Industrimekanikarfaget

- Anleggsmaskinreparatørfaget

- Kjemiprosessfaget

Les meir
13.09.2011
1000 dagar skadefritt 13.9.2011
Dette er andre gongen i SØRAL si historie at vi greier å oppnå 1000 dagar utan skadefråvær. Det spesielle denne gongen er at vi har oppnådd dette i ein veldig spesiell driftssituasjon og i ein periode der vi har gjennomført prosjekt som har bydd oss på store HMS-utfordringar.
Les meir
03.05.2011
Årsresultat 2010

2010 har vore eit krevjande år for Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL).
Marknaden for pressbolt har vore bra gjennom heile 2010, og betra seg vesentlig i løpet av hausten 2010. Det er venta gode marknadsforhold og høge prisar for primæraluminium i 2011. Ved utgangen av 2010 er framleis den eine av to elektrolysehallar mellombels nedstengt.
Les meir
Vervarsel
Vervarsel for SØRAL
Dagar sidan siste fråværskade
1145
Dynamiske websider: iDrift AS   Grafisk design: iBox AS