Kompetansebygging | | Å utvikla organisasjonen og evna til stendig gjera alt betre enn før, er på mange måtar ei større utfordring enn å byggja nye anlegg. | | | Ei sterk satsing på å byggja ein teambasert organisasjon der målsetjinga er at den einskilde medarbeidaren skal få brukt sin kompetanse, har gjeve gode resultat. SØRAL satsar sterkt på fagopplæring. Mange operatørar har gjennomført teoriopplæring som praksiskandidatar med sikte på tverrfagleg eksamen i Metallurgiske prosessfag, eller i seinare tid Kjemiprosessfaget . SØRAL er godkjend læreverksemd innan 9 ulike lærefag og har jamt over 10 - 20 lærlingar på kontrakt.
SØRAL har arbeidd aktivt for å byggja opp god leiarkompetanse, ikkje berre for fungerande og potensielle leiarar, men vi har sett det som ein styrke at mange av operatørane også har gjennomgått deler av denne leiaropplæringa.
Gjennom ulike arrangement prøver SØRAL å skapa eit sosialt fellesskap for dei tilsette og deira familiar. Eit aktivt bedriftsidrettslag er også ein viktig bidragsytar her.
Dersom SØRAL skal nå målet om å vera ein 0-skade bedrift, må HMS-kompetansen hevast. I dette tilfellet dreiar det seg meir om haldningar enn kunnskap og dugleik. Vi satsar difor på åtferdsbasert HMS-opplæring.
| | | Etter at vi har vore i ein vanskeleg situasjon med redusert produksjon og sterk fokus på kostnadssparing dei siste par åra, har omfanget av opplæringstiltak vorte redusert til ein naudsynt minimum. | | | | | | | |
|