Sør-Norge Aluminium AS (heretter SØRAL) har drive med redusert kapasitet sidan finanskrisa i 2009. Om lag 50% av kapasiteten (B-hallen) er framleis midlertidig stengd. I tida etter stenginga av B-hallen har selskapet gjennomført permitteringar basert på rotasjon. Etter innstramminga i permitteringsreglane frå 1.1.2012 har kostnadane ved denne modellen blitt høgare og den praktiske gjennomføringa betydeleg vanskelegare.
Oppgradering av straumskinnene gjer at Søral brukar mindre energi og produserer meir – med færre tilsette. For ein amatør innan realfag høyrest det ut som eit sjølvmotseiande sirkusnummer. Ikkje desto mindre er det ein har gjort ved Søral – men så er dei då heller ikkje amatørar. Aukinga av straumstyrken med tilhøyrande mindre bruk av energi og samstundes auka produksjon, har gått i etappar over fleire år.
Sør-Norge Aluminium (SØRAL) på Husnes har inngått kraftkontrakter med Agder Energi, Lyse, Statkraft og Hydro for langsiktig, årlig tilførsel av opptil 2,6 terawattimer (TWh) elektrisk kraft over en periode på åtte år, med oppstart i 2013.