Helse, Miljø og Sikkerhet | Dersom SØRAL skal nå målet om å vera ein 0-skade bedrift, må HMS-kompetansen hevast. I dette tilfellet dreiar det seg meir om haldningar enn kunnskap og dugleik. Vi satsar difor på åtferdsbasert HMS-opplæring. | | | Aluminium og miljøAlle industrielle produkt medfører forbruk av energi og råvarer og resulterer i større eller mindre mengder av avfallsprodukt. Det gjeld også for produkt av aluminium. For å kunne setja opp eit fullstendig rekneskap over verknaden av slike prosessar, må ein både inkludera levetida for produkta, høve til attvinning og trongen for vedlikehald. I slike studiar viser det seg at aluminium ofte kjem godt ut samanlikna med andre materialar. Det er særleg to årsaker til dette: Aluminium eignar seg svært godt for resirkulering. Energiforbruket er bare 5% av det som går med til primærframstilling og resirkuleringsgraden er høg. I dag ligg den i gjennomsnitt på 73%. For transportmidlar er talet heile 95%, og med godt utbygde attvinningsystem reknar ein med å koma opp i 90% som gjennomsnitt. Låg vekt kombinert med høg styrke gjev lette konstruksjonar som medfører redusert energiforbruk under transport. | | | | | | SØRAL gjev årleg ut ein rapport med detajerte opplysningar om miljø. Sjå siste rapport. | | | | | | | |
|